20 fantastiske band er klare for 100 Dagar 26.-27. Januar 2018.

Ein svær bunke av talentfulle band er lytta til, vurdert og vurdert endå ein gong og no er endeleg dei 20 utvalde plukka ut til 100 Dagar. Etter 10 årsjubileet i fjor og ein ny organisering av festivalen er det kjekt å sjå at det framleis er behov for ein arena for unge talent frå Vestlandet å spele på. Aldri har variasjonen vore større og dei som har booka banda har klart å fått med alt frå pop og viser til punk, rock, hardrock, og vidare til indie-rock, jazz og elektronika. Alt er med andre ord duka for ei makalaus musikkhelg siste helga i januar.

 

Sassy Kraimspri er eit breibeint punksirkus som førre året herja Den Blå Time hardt nok til å vinna sjølvaste Vestlandssatsinga. Med tre tær i bluesen, tre i grungen, resten i punken og to sexy langefingrar i retning oss- legg denne kvartetten aldri noko imellom live.

Longfield & Super Skeleton er ikkje her for å minna deg om kva rocken var, men for å visa deg kva den no ER! Det er tight, sveitt, dansbart og riv kvardagen ut av skrotten din. Dette er ei gullgruve live.

JON OLAV er ein pokker så spanande dude. Låtane er pumpa med energi, engasjement og tekstar som gir meining! Karen kan samanliknast med ein gira Sondre Justad som pirkar litt i guts’en og tempoet til Honningbarna. Smaksrike greier!

Marion Woodseth er Sunnhordland sitt nye pop-håp. Fersk, men helsiken så stilig! Auga er fokuserte og festa på store scenar og store produksjonar i framtida. Dette er dagens pop-bilete, med deilege elektroniske element.

Romskip er ”lyden av Bergen.” Dette er musikk som elskar fest, og festen elskar musikken. Perfekt for live-formatet! Desse astronatane fyrer opp raketten og drar oss alle med opp i deira snodige og stemningsrike univers. Inn med noko protein og på med hjelmen!

Pur Puré er ein duo som dynkar melodiøse poplinjer i rivande gitarstøy og eit trommedriv som får vestlandsstormane til å rødma. Herleg kontrastfullt og rocka som berre juling. Kun to karar, men imponerande kraftig kost!

Vrakfeber kjem dundrande inn frå Jæren for å pakka deg inn i rockens sterkaste referansetider. Rakrygga groovy rock med saftige slengkyss mot både 60- og 70-tallet. Bandet viser at staden snart slepp å bli hugsa for ei heller tvilsom nazifrisør, for Vrakfeber er Jærens nye skit.

Loui & Lexus dalvar neven i bordet, og krev med sine konsertar total merksemd for deira fengjande rap, tunge beats, og elegante nærvær. Treffande kvardagspoesi, dryge ungdomstinærmingar og hudlaus melankoli vert spytta ut med presisjon og overtyding. Stemningsgaranti!

Atella loddar saman tidsriktig og framoverlent elektronika. Atmosfærisk lydbilde med komplementerande beats gjer dette til ei varm og dansbar oppleving. Duoen mekkar deileg klubbmusikk med eit dryss av house, techno og disco.

Aiaiai… The Franklins sparkar! Denne kvartetten kjem til å legga beslag på alt av rockehjarter i salen. Dette er høgenergi og attitude frå ei anna verd. Dette er to kvinner og to menn som saman smadrar det som er av motstandsdyktighet. På med outfit’n, eller av med alt!

Endre Olsen gir oss noko herleg vestnorsk. Heilstøypte låtar, bøttevis med sjarm- og eit flørtande blikk til americana. Han er heil ved, og heilt i sitt rette element som låtskrivar. Med seg på kjerra har han eit lass av framifrå musikarar.

Cecilie Anna penslar fram mjuk, klassisk tangent-pop med dybde og tydeleg signatur. På sit vokalmessig mest kjenslevare kjenner ein Beth Gibbons vinkar annerkjennande i tåka, mens Vienna Teng reiser seg og applauderar. Stord har ei stor stemme og komponist i Cecilie Anna.

Taking Names køddar ikkje! Dette er ein rockekvintett frå Bergen med olme planar. Dei er allereia plukka opp av store festivalar og P3. Det stoppar ikkje her! Med pur iver smir dei ut feite riff og frekk rytmikk. Og det låter som kuler og krutt!

Shakai leikar på galskapens egg. Syrleg jazz som nesten er utlikna av basisk mørk mellomkrigspop. Vokalen styrer bileta med inderleg, feminin eleganse, og ein klang som smeltar det som måtte finnast av frost i skrotten. Stemninga hadde fått David Lynch til å grøsse av glede.

Snart plateklare I am K kjem med årets tydlegaste moderne tilnærming til musikkfaget. Melodisk pop, røff elektronica og kontant rock. Ryddig kompleksitet, kvalitet i alle ledd og ingen sjangerbegrensingar. Lyskannene er retta mot I am K i 2018!

reSouza er ei norsk-brasiliansk singer/songwriter som røyrer seg mellom alternativ pop og folk. Verda er mystisk og melankolsk, men reSouza påpeikar samstundes det håpefulle med si varme røyst. Ulike kulturelle dragningar gir det heile ein spiss dynamikk.

Catnip Cloud er indie-elektronica. Beats med spenst, klubbstemning, og lekkert lyd-design. Dette er behaglegheita sjølv. Dans, digg, eller drikk, for musikken er venn med alle val. London møter Lukksund. Meining møter mål. Godkjensle heile vegen.

Symra er ei snasen samling unge musikktalent frå Stord, Bømlo og Tysnes. På menyen står alternativ pop i funky sko. Råkult og fullt av sjarm! Kleis på deg smilet og nyt dette saman med denne energipåsan av ein gjeng.

Vöödöö er sjelfullt, melodiøst, og knallhardt! Sjølv kallar dei seg heavysoulrock. Smak på den! Låtane er treffsikre hit’ar for skald og skrotnisse. Dei  legg att eit ekko kor enn dei vert spelt. Lunta er tend, få me deg fyrverkeriet!