Januar 2017 – Sassy Kraimspri står klemt inne i det tettpakka Blå time og svettar om kapp med publikum. Det er på grensa til kva det vetle lokalet tåler, og når nokon bevegar seg i takt med musikken, ja då bevegar heile lokalet seg. Musikken er også på grensa, lyden er så høg at det dunkar i heile kroppen. Bandet på scena spelar med ein slik energi og eit slikt trøkk at alle i lokalet, inklusiv bandet sjølv berre står og smilar. Det er så levande, ekte og med så stor presisjon og leikskap at i løpet av den halve timen dei er på scena klarar faktisk Sassy Kraimspri å omvende heile publikummet til punkrock-entusiastar. Festivalane som er til stades eg også begeistra, og nokre dagar seinare er det klart at Sassy Kraimspri blir Vestlandssatsinga 2017. Festivalane gir honorert spelejobb til bandet som slik får ein god festivalturne om sommaren. Blues-punken skal ut til folket!

Me tok ein prat med bandet sin vokalist og gitarist Ida Collette Belle om korleis dei opplevde festivalsommaren og det å bli Vestlandssatsinga 2017.

 

– De har hatt ein omfattande festivalsommar, kor mange festivalar har de spelt på?

Me spelte på til saman 10 festivalar i sommar. Etter at me vant 100 Dagar hadde me mykje meir å komme med når me skulle booke andre festivalar så me kasta oss rundt og fikk naila eit par spelejobbar til.

 

– Korleis opplevde de å spela på så mange ulike festivalar?

Først og fremst må me sei at alle festivalane me spelte på var HEILT magiske på kvart sitt vis. Utroleg profesjonelle og snille frå toppsjefar til frivillige, og alle var på nydelege stader rundt omkring i Norge.

Det kjekkaste var nok at me fekk låna ein campingbil av ein kompis til å reise rundt i. Det var ganske hilaaarious. Me kjørte frå Skral i Grimstad, over fjellet ved Gudbransdalen til Tysnesfest og så ned til Vikedal Roots i den. Stor, treig bil på små fjellvegar med fire punkarar stroppa inn i.

Og så må eg nevna utsikten frå scenen på Skånevik Blues og Festidalen, heilt utruleg! UTKANT var og helt utrolig magisk plassert ute på tuppen av ein lita øygruppe, men me spelte etter det var blitt mørkt og såg mest konsertglade mennesker, som er en herlig utstikt i seg selv.

 

– Kva betyr det for bandet dykkar å få ein slik festivalturne?

Det er ei utrolig stor æra å bli plukka ut av så mange festivalar til å stå på scenen hos dei i løpet av ein sommer. Me følte oss heilt overvelda og stolt over å ha overbevist med live-showet vårt for alle me spelte hos, at me var verdt sjansen og investeringa å ha vetle, relativt ukjente oss med på plakaten.

 

– Kva er planane dykkar no framover? 

Me har jobbet med eit album i heile år og investerte alt me tente på Vestlandssatsninga rett inn i den. Me skal gi ut fleire singler i løpet av våren 2018, og gleder oss veldig til å få ut ny musikk og spille klubbturnear igjen.

Me har sjølvsagt sendt rundt mail til festivalar igjen i 2018. Det er vanskelig å bookes til festivalar, dei har få plassar, lite pengar og det finnes mange band i Norge – mange som har bookingagentar, så me gjør hva me kan og organiserer det på vår måte. Nokon av oss skal til Australia nå over nyttår og spele nokre nedstrippa, semi-akustiske konserter der, møte med folk og sjå kva muligheter som fins der.

Så ser me og til England og USA. Som du skjønnar, mange planer og draumer. Me får sjå kor pengane me endå ikkje har tar oss.

 

– 100 Dagar handlar også om å bygge nettverk med andre musikarar og festivalar. Kor viktig synes du dette er?

Superviktig! Om du har møtt nokon er det stort sannsyn for at dei hugsar deg når du sender mail i etterkant, og det å få spelt for festivalfolk er helt uunnverleg. Ingenting betyr meir enn å faktisk vise kva du kan. Så er det viktig å helse på alle, snakke med andre band, fortelle alle når du spelar på kvelden og be dei komme. Utan band til folk i musikkindustrien kjem du veldig kort. Band hjelper band, og dei som bookar festivalar arbeidar som regel med heilt andre ting ellers – som også kan være innan musikk. Det er viktig, når ein ønsker å jobbe med musikk at ein tenker langsiktig, plutseleg treff du folk igjen i ein heilt annan samanheng.

– Nokre ”final last words”?

Dette er den finaste sommaren me nokon sinne har hatt som DIY blues punk band og eg håpar me ein gong kan oppleva noko liknande igjen. Det var ei stor ære og privilegium, og me fekk møtt fantastiske menneske bak og foran alle scenane. Takk til 100 Dagar for tilliten! Me gløymer det aldri!

 

Og heilt ferdig med Sassy Kraimspri er me ikkje, du får høve til å oppleve energien deira på 100 Dagar laurdag 27. januar.