100 Dagar startar opp igjen som stifting med eit endå skarpare fokus på festivalar og nye talentfulle artistar!

Musikkfestivalen 100 Dagar var i fare for å bli lagt ned, men eit sterkt ønske frå festivalane som har delteke, sponsorar som har sett verdien av arrangementet og eit trufast publikum har gjort at 100 Dagar har gjenoppstått som stifting med eit solid styre som skal ta musikkfestivalen og bransjetreffet vidare.

Styret i 100 Dagar består no av Martha Lyse (STAR), Vegard Moberg (BRAK), Trude Storheim (VossaJazz), Sigvard Madsen (Tysnesfest), Daidalos Dahle (Festidalen) i tillegg til Haakon Vatle og Jostein Sydnes som dreiv festivalen tidlegare.

Etableringa av Stiftinga Musikkbransjetreffet 100 Dagar som det heiter, vart gjort i løpet av sommaren 2017 med startkapital frå Sparebanken Vest og det no nedlagte selskapet Stordfest AS. Stiftinga har som mål å fortsette med å bygge den nettverksarenaen som festivalen har blitt for festivalar og musikarar på vestlandet, og styret har teke mål av seg å få endå fleire festivalar med på bransjetreffet.