100 Dagar 2018 har fokus på tryggleik og risikoførebuing for festivalane.
Laurdag vert det seminar for musikarar med fokus på møte mellom artistar og management og festivalar.

Seminar fredag 26. januar

10.30 – 11.00: Registrering, kaffe
11.00 – 11.30: Erfaringsutveksling frå 2017

11.30 – 12.30: Korleis fungerer festivalorganisasjonen og samarbeidet med offentlege tenester når krisa inntreff?
Under Tysnesfest 2017 måtte arrangøren kansellere headlineren (Alan Walker) grunna ekstremver. Over 7000 publikummarar måtte evakuerast frå festivalområdet, festivalcampen hadde delvis blese bort og ny innlosjering måtte skaffast på kort tid, utfordringar oppstod med båtar, losjiskip, ferje og kaianlegg vart utsett for voldsomme naturkrefter, sosiale medier var fulle av ulike meiningsytringar og media skulle handterast. Festivalsjef Sigvard Madsen deler sine erfaringar etter denne hendinga og korleis det har styrka organisasjonen for framtidige arrangement
12.30 – 13.30: Lunsj
13.30 – 15.00: Korleis førebu tryggleiken til eit av verdas største arrangement på kortast mogleg tid og kva læring kan andre festivalar ta av dette?
Sikkerhetssjef under Sykkel VM, Svein Erik Malkenes deler nokre av erfaringane fra sjølve planlegginga, gjennomføringa av sjølve arrangementet (Bl.a. KO og plan for kriseleiing) og kva han lærte av dette. Malkenes har operativ bakgrunn og erfaringar med risiko, sårbarhetanalyse, risikostyring og sikkerhetsleiing og vil også dele sine funn frå Masteroppgåva si frå 2016, som også er høgst relevant for festivalar.

Svein Erik Malkenes Maritim Leder og Kvalitetssjef i Bergen Havn (5 år). Arrangementserfaring: Maritim Sjef og NK Sikkerhet Tallship Race Bergen 2014, Sikkerhetssjef Hansadagene 2016 og Sikkerhetssjef Sykkel VM Bergen 2017. 26 år i Sjøforsvaret, 10 år i Marinen, 16 år Kystvakten (6 år Skipssjef, 6 år Sikkerhet og kvalitetssjef). Utdannelse fra Sjøkrigsskolen og innehar Mastergrad i Risk Management frå 2016 «Beredskapsplanlegging i store og åpne arrangementer”

 

Konsertar fredag frå 19.00

 

Seminar laurdag 27. januar

11.30 – 12.00: Registrering, kaffe
12.00 – 13.30 Kva bør ein sjå etter hos ein manager?
Ein god manager kan få deg inn på den rette festivalen og gi deg den rette boosten in karriera, men kva bør eg sjå etter når eg velger manager? Handlar alt om det rette namnet eller spelar det ei rolle å ha god kjemi? Andy Inglis diskuterer etikk i musikkindustrien og korleis ein best kan manøvrere i ein bransje som er kjend for å spytte artistar ut igjen fortare enn du rekk å tygge.

Andy Inglis er artistmanager, tour manager førelesar og har etablert musikk-konferansar. Han har booka for festivalar og drive vinnaren av årets live-scene i London og UK. Han gjer ei rekke førelesningar for musikkbransjen i Noreg.

13:30 – 15.00 Festivalar møtar artistar – Open for alle. Artistar og andre får høve til å spørre ut festivalane om alt frå gode tips for å bli booka på deira festival til deira favorittkonsertoppleving.

 

Konsertar laurdag frå kl 19.00