6. – 7. mars 2026
100 Dagar 2026
Årets konferanseprogram er under utarbeiding.
Har du innspel til tema, foredragsholdarar eller liknande? Send ein mail til oss på jostein(@)kulturkontoret.as
Konferanseprogram
100 Dagar er det perfekte utgangspunkt for deg som ønsker å etablere eit nettverk i bransjen, opptre for eit engasjert bransjepublikum og komme deg eit steg vidare i artistkarriera di. Me har eige workshop for artistar og har møteplassar der du kan få møte festivalar og andre artistar.
Spele på 100 Dagar?
Vestlandssatsinga
Det har vore ein ellevill sommar for TAUS som var årets vestlandssatsing. Meir enn 15 spelejobbar berre i sommar og no ventar By:larm og VillVillVest for dei fantastiske jentene i TAUS. Som deltakar på 100 dagar har er du med i konkurransen om å vinne neste års vestlandssatsing
Bli med i nettverket
100 Dagar er ein møteplass for festivalar og arrangørar. Sidan 2007 har me skapt eit nettverk der me deler kompetanse og gir kvarandre innspel. I 2023 lagde me med støtte av Vestland fylke også digitale møteplassar. Me kalla nettverket FOKK – Festivalnettverk for opplæring, kompetanse- og kunnskapsdeling. Samlingane blir administrert av Kulturkontoret AS. Me har samlingar fleire gonger i året. Bli med oss!
Delegat?
På 100 Dagar får du seminar spesiallaga for festivalbransjen. Me har fokus på kompetanseheving og att festivalane skal skape nettverk seg i mellom slik at me kan lære av kvarandre.
Du får den beste nye musikken frå vestlandet og høve til å møte band og artistar direkte. Med to konsertscenar vegg i vegg går du ikkje glipp av ein einaste konsert.