Kva er 100 dagar?
Kvart år arrangerer me Noregs koslegaste og minste bransjetreff for festivalar, på Bakeriet Frugård på Stord! Festivalen vert arrangert i regi av Kulturkontoret, saman med våre vener på Arena/Bakeriet Frugård.
100dagar har som mål å framme nettverk, gode samarbeid og utvikling i festival- og musikkbransjen, med hovudfokus på vestlandet.
På dette bransjetreffet får du anledning til å møte andre i festivalfolk, utveksle erfaringar, tips og triks, og knytte sosiale bånd. I tillegg får du sjå det nyaste vestlandet har å by på av musikalske talent! Og om du ikkje er så interessert i bransjen men har lyst å få med deg musikken, er det sjølvsagt mogleg å berre sjå konsertane.
Første gong 100dagar gjekk av stabelen var i 2007, og i løpet av dei påfølgande åra har blant anna band og artistar som Skaar, Michelle Ullestad, Slutface, Yuma Sun, Fjorden Baby, Razika, Thea Hjelmeland, Silja Sol og mange fleire stått på 100dagar-scena.